page view image

Blindheim - Førde VBK 2

To av dei mest tradisjonrike klubbane på Nordvestlandet møtast!

Informasjon
event image

Laurdag 28.november kjem Førde 2 til Blindheimshallen. Førde er ein storklubb i norsk volleyball, og deira rekruttlag har tradisjonar for å slå godt frå seg. Men Severin Juliebø, Fredrik Mork og dei andre Blindheimsgutane vil gjerne også slå ballen hardt i bakken!

Blindheim ligg på 5.plass på tabellen med 12 poeng, medan Førde 2 er på 2.plass med 17 poeng. Dette kan altså bli den tøffaste kampen i Blindheimshallen så langt, og kanskje får vi sjå fleire juniorlandslagsspelarar på bortelaget?

Bli med på å lage volleyballfest i Blindheimshallen!

volleyball blindheim 1.divisjon ålesund førde

Ansvarsfraskrivelse

Selde billettar refunderast ikkje.