Blindheim - Vegårshei (1.div menn) og Blindheim - Rival (2.runde NM kvinner)

To kampar til prisen av ein! Blindheim Volley gjer comeback i 1.divisjon etter åtte år! Ver med og fyll Blindheimshallen! Få også med deg cupkampen mellom Blindheim og SK Rival, kan cupeventyret til Blindheim-kvinnene halde fram mot 1.divisjonslaget frå Molde?

page view image
Event date

Sunday 11 Oct 2026 14:00

Ends Sunday 11 Oct 2026
order

Available items

Voksen
Barn (under 16 år)
Barnebillett for under 16 år.
Medllem BIL Volley
Alle medlemmar av Blindheim Volleyball får gratis inngang!
event image

Event information

Herrekamp 14.00

Endeleg er Blindheim Volley tilbake i 1.divisjon! Søndag 11.oktober opner vi Blindheimshallen for publikum når sesongens første heimekamp spelast. Motstandar er Vegårshei frå Agder - som også er nyopprykka i 1.divisjon.

Dette kan bli ein artig volleyballkamp - bli med å gjere heimeopninga til ein volleyballfest!

Damekamp 17.00

Blindheim-kvinnene imponerte stort under 1.rundeturneringa i NM og vann i rask rekkefølge mot Fræna 2, Rival 2, Kristiansund, Fræna og KFUM Volda. Spesielt sigeren mot det tidlegare eliteserielaget frå Volda var dramatisk og solid, der Blindheim vann 15-12 i siste sett. No ventar 1.divisjonsmotstand i SK Rival frå Molde. Kan cupeventyret halde fram? Vinnaren får eliteseriemotstand i 1/8-delsfinala..

Waiver

Selde billettar refunderast ikkje.

Tags

volleyball
blindheim
vegårshei
1.divisjon
ålesund
cupen
nm
rival
molde
Organizer
Blindheim Volleyball