Blindheim - Vegårshei (1.div menn) og Blindheim - Rival (2.runde NM kvinner)
To kampar til prisen av ein!
Blindheim Volley gjer comeback i 1.divisjon etter åtte år! Ver med og fyll Blindheimshallen!
Få også med deg cupkampen mellom Blindheim og SK Rival, kan cupeventyret til Blindheim-kvinnene halde fram mot 1.divisjonslaget frå Molde?
Herrekamp 14.00
Endeleg er Blindheim Volley tilbake i 1.divisjon! Søndag 11.oktober opner vi Blindheimshallen for publikum når sesongens første heimekamp spelast. Motstandar er Vegårshei frå Agder - som også er nyopprykka i 1.divisjon.
Dette kan bli ein artig volleyballkamp - bli med å gjere heimeopninga til ein volleyballfest!
Damekamp 17.00
Blindheim-kvinnene imponerte stort under 1.rundeturneringa i NM og vann i rask rekkefølge mot Fræna 2, Rival 2, Kristiansund, Fræna og KFUM Volda. Spesielt sigeren mot det tidlegare eliteserielaget frå Volda var dramatisk og solid, der Blindheim vann 15-12 i siste sett. No ventar 1.divisjonsmotstand i SK Rival frå Molde. Kan cupeventyret halde fram? Vinnaren får eliteseriemotstand i 1/8-delsfinala..
Waiver
Selde billettar refunderast ikkje.